Olav H. Hauge

Dei 15 mest vestlandske vestlendingane - Un pódcast de Bergens Tidende

Categorías:

Ho var NRK-vertinne, fotomodell og student. Olav H. Hauge skreiv kjærleiksdiktet «Du var vinden» til den langt yngre Elisabeth Vallevik Engelstad. Diktet vart trykt i samlinga «Dropar i austavind» i 1966, same år som ho gifta seg med ein annan. Like etter vart Hauge sjuk igjen. BT-juryen har kåra lyrikaren Olav H. Hauge (1908–1994) til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane».