Episode 18: Vaksne som mobbar eigne elevar

Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast - Un pódcast de Universitetet i Stavanger

Categorías:

At elevar vert utsett for mobbing av vaksne på skolen, er eit globalt problem. I dei fleste tilfella dreier det seg om lærarar som krenkjer eller mobbar sine eigne elevar. Kvifor gjer dei det? Og kva gjer dette med elevane som opplev å verte mobba eller krenkja av ein vaksen som jobbar på skulen – ein vaksen dei trudde dei kunne stole på? I denne podcast-episoden diskuterer programleiar Maria Gilje Strand temaet «lærarmobbing» med førstelektor Kari Gusfre ved Læringsmiljøsenteret.   Aktuelle tema som vert drøfta i podkasten: * Kva er «lærarmobbing», og kvifor skjer det?* Kor «vanleg» er det at elevar vert utsett for krenking eller mobbing av læraren sin?* Kan leiarstilen til den enkelte lærar ha noko å seie?* Kvifor det er så viktig å seie ifrå dersom ein ser ein kollega utsetje elevar for mobbing* Kvifor er det så viktig med god relasjonskvalitet mellom lærar og elev?* Kan «lærarmobbing» føre til meir mobbing? Les mer: 1.       Voksne som krenker barn på skolen, er et globalt problem (forskning.no) 2.       Autoritativ klasseledelse – hva er det? (uis.no) 3.      Lærere som mobber elever (utdanningsnytt.no) Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).