Episode 26: Behovet for meir leik inn i småskulen

Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast - Un pódcast de Universitetet i Stavanger

Categorías:

Mange skular ser no mot barnehagen for korleis dette første året i skulen bør vere, og bruken av «Lekbasert læring» byrjar å bli «vanleg» i 1. klasse. Kan ein tolke dette som eit signal om at det er eit skrikande behov for å få meir leik inn i dei første trinna på skulen? Og kva bør skulane gjere når dei ser «skuleleie» elevar allereie i 2. klasse? Dette var noko rektor Tone Rabben Hølland opplevde på Grannes skole i Sola, og noko som førte til ein omorganisering av opplegget i 1. klasse. No nyttar dei ein kombinasjon av lekbasert læring, frileik og uteskule i 1. klasse ved hennar skule, og dette til glede for lærarane og elevane. No ynskjer rektoren å sjå på moglegheita til å ta med seg leiken inn i 2. klasse også. Dette er gode nyheiter, meiner professor Ingunn Størksen, som har vore med å utvikla lekbasert læring, som svært mange skular no nyttar. Høyr denne podkasten-episoden om lekbasert læring i skulen – og korleis leiken kan få ein meir naturleg plass i 1. klassingane sin kvardag.  Aktuelle tema som vert drøfta i podkasten: * Korleis bør dette første året på skulen vere?* Kombinasjonen av lekbasert læring, frileik og uteskule* Teorien om lekbasert læring og forskinga som ligg bak* Kor viktig leik er for born* Leiken gjev rom for læring  Les meir: 1.   Meir leik i småskulen har gjeve gode resultat (uis.no)2.   Bok: Lekbasert læring (uis.no)3.   Nettsiden til lekbasert læring (lekbasert.no) Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).